Nobel prisen for 2007 blei delt ut i dag til Al Gore og FNs klimapanel. Og her er pressemeldingen fra Den Norske Nobelkomite:

NOBELS FREDSPRIS 2007

Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2007 skal delast, i to like store delar, mellom Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) og Albert Arnold (Al) Gore jr. for deira innsats for å skape og spreie større kunnskap om menneskeskapte klimaendringar og for å leggje grunnlag for dei tiltaka som krevst for å motverke desse endringane.

Varsla om endringar i det framtidige klimaet på jorda må takast med største alvor, og føre-var prinsippet må stå sentralt. Omfattande klimaendringar kan kome til å endre og truge livsvilkåra for mykje av menneskeslekta. Dei vil kunne medverke til store folkeflyttingar og auka konkurranse om ressursane på jorda. Endringane vil leggje særleg store bører på dei mest sårbare av statane i verda. Faren for valdelege konfliktar og krigar i og mellom statar vil kunne auke.

Med vitskapelege rapportar har IPCC gjennom to tiår skapt ein jamt breiare fagleg konsensus om samanhengen mellom menneskelege aktivitetar og global oppvarming. Tusenvis av vitskapsfolk og myndigheitspersonar frå over 100 land har verka saman til større avklaring av omfanget av oppvarminga. Medan global oppvarming på 1980-talet kunne stå som ein interessant hypotese, kom det på 90-tallet sterkare prov for eit slikt syn. I dei aller siste åra har samanhengane blitt klårare og konsekvensane meir synlege.

Gjennom lang tid har Al Gore vore ein av dei leiande miljøpolitikarane i verda. Tidleg blei han klar over dei klimautfordringane som verda møter. Gjennom eit sterkt engasjement med politisk arbeid, foredrag, filmar og bøker har han styrkt kampen mot klimaendringane. Han er truleg den einskildpersonen som har verka mest til å skape auka global forståing for tiltak som er naudsynte.

Ved å gje Nobels fredspris for 2007 til IPCC og Al Gore ynskjer Den Norske Nobelkomite å medverke til eit sterkare fokus på dei prosessar og vedtak som synest naudsynte for å sikre det framtidige klimaet på jorda og med det redusere trugsmålet mot tryggleiken til menneska. Det krevst handling no, før klimaendringane kjem ut av menneskeleg kontroll.

Oslo 12.10. 2007

Legg igjen kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.